Regionrådet
Arbeidsutvalget
Regionkontoret
Postjournal, saklister og protokoller
RegionNytt
Partnerskap
Samarbeidstiltak i NG
Næring
Nasjonalparkriket
Nasjonalparkkommuner
Klima og energi
Kulturlandskapsprosjekt
Regiondata
Tilflytterprosjekt
Samferdsel
Primærnæringsutvalg
Nyhetsoppdatering - RSS
Distriktsmedisinsk senter i Nord - Gudbrandsdalen
Kontakt oss
Lenker


Regional plan for klima og energi
Det er dokumentert at energibruken i dag har og vil få store konsekvensar for klima og miljø. Klima- og energipolitikk er såleis viktigare enn nokon gong.
Noreg deltek i forpliktande internasjonalt samarbeid for å redusere utslepp av klimagassar, og skal dette bli realitetar må det få følgjer for oss alle - offentlig verksemd, næringslivet, og private hushaldningar.
 
Med bakgrunn i dette vedtok Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal 22.6.2007 å ta initiativ til utarbeiding av ein regional plan for klima og miljø.
Administrasjonssjefane i kommunane og regionsjefen er styringsgruppe for arbeidet. Det er sett ned ei prosjektgruppe der energiselskapa A/S Eidefoss og Skjåk Energi deltek, saman med representantar frå alle kommunane. Regionkontoret v/ Ole Tvete Muriteigen har prosjektleiaransvar.
 
Målet med planarbeidet er å utarbeide ein konkret regional plan for klimaforbetrande og energireduserande tiltaka med fokus på:
- Energi og energibruk i regionen, med utgangspunkt i energiselskapa sine energiutgreiingar for kommunane
- Miljø- og klimakonsekvensar med utgangspunkt i energibruken i regionen
- Tiltak som kan gje miljø- og klimagevinst
 
Kommunane skal sjølve ta ansvar for å utarbeide kommunale handlingsplanar for klima og energi med utgangspunkt i den regionale planen.


Oppstart av arbeid med handlingsplanar for klima og energi
20.01.2009

Gjennom fellesannonsa under er oppstart av arbeid med handlingsplanar for klima og energi kunngjort. Innrykk i Gudbrandsdaølen Dagningen 17.1.2009, og Norddalen, Fjuken, Vigga og Dølen 22.1.2009.
Fellesannonse.pdf

   
Oppsummering frå klima- og energisamling 17.12.2008
02.01.2009

Arbeidsgrupper i kommunane er på plass, og arbeidet med handlingsplanar for klima og energi er starta opp. Oppsummering frå samlinga 17.12.2008 er tilgjengeleg her.
Oppsummering_17-12-2008.pdf

Regional plan for klima og energi (sluttbehandlet)
13.08.2008

Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal vedtok Regional plan for klima og energi 27.6.2008, sak 19/2008. Kommunane blir gjennom regionrådsvedtaket bedt om å starte arbeidet med kommunale handlingsplanar. Det er lagt opp til å organisere arbeidet med eigne arbeidsgrupper i kvar kommune, og det er planlagt ei fellessamling for gruppene i september/oktober.
REGIONAL PLAN FOR KLIMA OG ENERGI august 2008.pdf
RR-sak 19_2008.pdf
Brev kommunane 13.8.2008.pdf

   
Regional plan for klima og energi
19.06.2008

Forslaget til Regional plan for klima og energi skal sluttbehandlast i Regionrådsmøte 27.6.2008.
Planforslaget vart lagt ut til offentleg høyring frå 18.4. Det kom inn 11 høyringsuttaler.
Høyringsuttaler, regional plan for klilma og energi (pdf)
Forslag til REGIONAL PLAN FOR KLIMA OG ENERGI (pdf)

Presentasjon av klima og energiplanen
15.06.2008

Kort presentasjon om Regional plan for klima og energi er tilgjengelig her. (presentasjon på Hjerleid-utstillingen 15.6.2008).
Presentasjon_15.6.2008.pdf

   
Annonse oppstart av planarbeid
21.12.2007

Oppstart for planarbeidet vart annonsert i GD, Norddalen, Fjuken, Vigga og Dølen 8.11.2007.
Annonse 8.11.2007.pdf


   
Tiltak som kan gje miljø- og klimagevinst
31.10.2007

Oversikta nedanfor er henta frå prosjektplanen, og viser ei førebels oversikt over tiltak som kan gje miljø- og klimagevinst. Prosjektgruppa vil gje ei vurdering av kvart enkelt punkt.
Det er ynskjeleg med gode innspel i prosessen, slik at oversikta kan omfatte fleire punkt.
Førebels oversikt over tiltak.doc

Politisk behandling
31.10.2007

Regionrådet 22.6.2007.pdf

   




Skjåk kommuneLom kommuneVågå kommuneSel kommuneDovre kommuneLesja kommune

Kontaktinformasjon

Regionkontoret
Nord-Gudbrandsdal
Skansen 7, 2670 Otta

Telefon: 61 21 54 80
Telefaks: 61 21 54 81



e-post@regionkontoret.no

Org.nr.: 976 634 845